Etter 43 år i Brødr. Øyehaug, og 24 år som leiar, har Knut Olav Standal (snart 64) valt å pensjonere seg.
Og inn frå sidelinja kjem Vebjørn Øyehaug som den nye Øyehaug-sjefen. Men ikkje tru at dette handlar om internt, familiært opprykk utan vurdering av andre kandidatar. Fleire kandidatar har vore vurderte.
– Eg er glad og audmjuk for at styret valde meg. Dette vert spennande med mange nye utfordringar. Heldigvis kjenner eg bedrifta godt, seier Øyehaug.
Vebjørn Øyehaug byrja etter fullført utdanning i 1997 i familiebedrifta på Ripateigane, der onkelen Einar i mange år var leiar, og faren til Vebjørn, Per, var teknikar. Vebjørn Øyehaug er gift med Ragnhild og har ei dotter på 6 år.
I alle år har 53-åringen jobba med sal og marknadsføring. No har han altså fått det fulle og heile daglege ansvaret.
– Og då må vi få spørje kva slags sjefstype du er?
– Det får andre vurdere. Men eg synest det er viktig å lytte til dei tilsette og at vi er rause med kvarandre, seier Vebjørn.
Med ny leiar vert det nokre få justeringar, mellom anna set bedrifta no vekk rekneskapsarbeid til eit eksternt firma. Rett og slett fordi han som har hatt rekneskapsoppgåva, Knut Olav Standal, sluttar.
Og så har bedrifta tilsett ny marknads- og innkjøpskoordinator. Og det er ei kvinne. Ikkje berre det: Den svært mannsdominerte bedrifta har også fått på plass ei dame i produksjonen. Og det er første gong på mange år at det jobbar kvinner hos Øyehaug.
– Dette trur vi vert bra. Resultatet vert eit endå betre arbeidsmiljø, spår Vebjørn Øyehaug.
Brødr. Øyehaug er spesialist på trebearbeiding. Den største marknaden er møbelfabrikkane på Sunnmøre. Eit av dei store produkta er ferdigmonterte treverk til stolar.
Dei to siste åra har Brødr. Øyehaug hatt ei omsetning på rundt 18 millionar og eit overskot på rundt 800 000 .
– Det er vi rimeleg bra nøgde med. I år vert det tøffare. Alle prisar har auka og vi har lågare marginar. Valutakursane er også meir ugunstige for oss i år. Vi er verkeleg spente på resultatet ved nyttår.
Men kva no med Knut Olav Standal? Han kunne ha vore på fabrikken til han var 72 år.
– Ja, det kunne eg. Men det er ei tid for alt. Øyehaug har vore ein fin arbeidsplass, eg hadde ikkje vore her så lenge som eg har dersom eg ikkje meinte det. Eg syntest dette var eit greit tidspunkt å slutte på. No vil eg ta det meir med ro og startar pensjonistlivet med blanke ark, seier Standal med eit smil.