Tenester

Tredreiing

Øyehaug er eit av Norges største firma på tredreiing.

 

Tredreiing av stolpar i tre

Vi har drive med tredreiing frå første dag i 1942. I starten var det handdreiing av fat og bollar  og slike ting til souvenirmarknaden. Dette var konvensjonell runddreiing.

Seinare vart reiskapsskaft ein viktig del av vår produksjon. Dette var mest kopidreiing i maskiner som kunne kopiere asymetriske former, som økseskaft og liknande. Vi har også laga mange møbelkomponentar på denne måten. Men asymmetrisk kopidreiing, praktiserer vi ikkje lenger, og framstiller slike produkt på avanserte CNC-maskiner idag.

Idag tilbyr vi runddreiing i fleire ulike maskintypar.

Vi har spesialmaskiner til dreiing av små pluggar/dekkpropper til møbel og trappemarknaden.

I våre runddreiingsbenkar idag kan vi lage alt frå små knottar til lange søyler til bruk frå golv til tak.

Brødr. Øyehaug har ein eigen kolleksjon med dreia trappekomponentar som du finn under «Produkt» på websida vår.

Vi produserer mange ulike typer bein og andre komponentar til møbel med denne teknikken.