Tenester

Overflatebehandling

Vi kan overflatebehandle alle typer produkt i vår fleksible lakkavdeling. Dette gjeld både olje, beis, klarlakk og maling.

Meir og meir av det vi leverer er innom vår lakkavdeling.

Ein stor del av spilene vi tilbyr til våre kundar er ferdig overflatebehandla.

Vi leverer også mange heile stolar og andre lause møbelkomponentar ferdig overflatebehandla.

Interiørprodukt, som til dømes knaggrekker, vert også levert ferdig overflatebehandla frå oss.