Historie

Brødr. Øyehaug as vart etablert under krigen i 1942 av dei tre brørne f.v. Olai, Anders og Olav Øyehaug.

Frå den første tida

Det har skjedd mykje sidan brørne Olav, Anders og Olai starta opp i 1942. Produkta har variert mykje frå oppstarten til no, men ein fellesnemnar har vore bearbeiding av tre.

Souvenirproduksjonen stod sentralt heilt frå starten av. Smykkeskrin, fat, bollar og andre pyntegjenstandar vart produserte i store mengder. Dei vart gjerne dekorerte med vassfargar og tusj, eventuelt svijern, på trekvit botn, og deretter lakka med celluloselakk. Rosemåling kom først i bruk etter krigen.

Historie - Rosemåling av eit fat
Knut Rishaug

Under krigen var det rasjonering og kvotar på til dømes lakk og materialar. Souvenirar var rekna som luksus, og gav ikkje automatisk rett til kvotar, så derfor starta Øyehaug opp med produksjon av bruksgjenstandar. Skaft, treskobotnar og kostar vart viktige artiklar. Også større ting som bord og benkar vart levert.

 

Møbeldeler som stolbein og armlener vart utover 50-talet viktigare for bedrifta. Souvenirproduksjonen med rosemåling var likevel med oss og ekspanderte vidare utover 60-talet. Ved 40-årsjubileet i 1982 var det 16-17 personar sysselsette med souvenirproduksjon inkludert underleverandørar.

Kopidreiing

Kopidreiing av Kjell Oddvar Høydalsvik
Kjell Oddvar Høydalsvik

Øyehaug fekk sin første kopidreiebenk i 1958. Dette førte til ein kraftig auke i delproduksjonen, og i 1974 kom delproduksjonen på høgde med souvenirproduksjonen.  Skafteproduksjonen tok også til att dette året. Skafteproduksjon var viktig for Øyehaug til tidleg på 2000-talet.

Dei komande åra hadde bedrifta stor omsetningsvekst, og investerte i mange nye maskiner.

Deler til trapperekkverk vart også ein viktig marknad utover 80-talet. Moten var dreia rekkverk, og dette var ideelt for maskinene våre. Trappemarknaden er den dag i dag viktig for bedrifta.

CNC-maskiner

6.januar 1997 kom den første CNC-styrte maskina til oss. Dette var ei avansert 5-aksa maskin frå Japan. Det første produktet vi produserte på denne var ryggbrikker til pinnestolar frå Sandvik AS.

Etterkvart har vi kjøpt mange fleire CNC-maskiner og  i dag foregår hovudtyngda av produksjonen på slike maskiner.

arbeid i verkstad Håvard Vatne og Jon Henrik Torset
Håvard Vatne og Jon Henrik Torset

Om du vil lese meir om historia til bedrifta vår kan du også sjå under fanen «I media» . Der er nokre artiklar, og eit lite intervju med andre generasjons drivarar av bedrifta; Einar og Per Øyehaug.

Der kan du finne litt morsomme historier frå arbeidskvardagen i tidlegare tider.