Ein trevarefabrikk utanom det vanlege

Ein trevarefabrikk utanom det vanlege

Leiarbyte hos Øyehaug

Etter 43 år i Brødr. Øyehaug, og 24 år som leiar, har Knut Olav Standal (snart 64) valt å pensjonere seg.

Tenester

80 års erfaring med trevareproduksjon

Avansert industriproduksjon i heiltre.
Brødr. Øyehaug fekk sin første 5-akse cnc-fres midt på 1990-talet og har utvikla seg til å bli ei bedrift som har mykje kompetanse rundt cnc-bearbeiding og har i dag ein stor cnc-maskinpark på seks multi-akse maskinsenter.
Dei tekniske løysingane kombinert med dyktige medarbeidarar gjer oss i stand til å kunne produsere komplekse komponentar i tre og kompositt til krevjande kundar.

Treng du inspirasjon?

Sjå eksempel på nokre produkt vi har skapt i tett samarbeid med våre kundar.

Brødr. Øyehaug

Vi er ei produksjonsbedrift, som skaper flotte produkt av heiltre på vårt anlegg i Ørsta. Tremateriala vi benyttar er nøye valde ut og av beste kvalitet. Våre kundar er m.a. norske møbelfabrikkar, norske trappefabrikkar og andre industribedrifter. Brødr. Øyehaug feirar i år 80 år og vi har høg kompetanse på både råmaterialer, medarbeidarar og teknologi.

Våre produkt

Vi skaper nye produkt i samarbeid med våre kundar. Krevjande oppgåver løfter oss vidare, gjennom eit samspel mellom kundar, våre maskiner og våre fagfolk. Vi har kompetanse og kontaktnett til å skaffe dei beste råvarene til produksjonen.

Ta kontakt!

Kontaktskjema