Vi har ein stor avansert cnc-maskinpark med ulike multi-akse maskinsenter. Brødr. Øyehaug fekk sin første 5-akse cnc-fres midt på 1990-talet og har sidan då utvikla seg til å bli ei produksjonsbedrift med mykje kompetanse rundt cnc-bearbeiding.
Kompetansen vår og teknologien set oss i stand til å kunne produsere komplekse deler i tre og kompositt.