I media

Brødr. Øyehaug, ein stødig 80-åring

publisert 6 juli, 2022
Frank Inge Grønnevik og Knut Olav Standal i produksjonslokala i Ripateigane 1.

I år feirar den tradisjonsrike Ørsta-bedrifta Brødrene Øyehaug 80-årsjubileum.
Og det kan dei gjere med smil om munnen.

For drifta er stabil og god.
– Vi fekk ein liten nedtur under korona, og i starten av pandemien vart alle tilsette permitterte. Men det gjekk berre ein månad før det begynte å livne til att. Etter sommarferien 2020 vart det full aktivitet att, seier dagleg leiar Knut Olav Standal.
I fjor var Øyehaug tilbake til normalen, og fekk eit greitt driftsår.
– Første halvår i år har vi hatt god aktivitet og ingen permitteringar, fortel Standal.

Omsetning

Bedrifta hadde i 2021 ei omsetning på vel 18 millionar. Det er ein auke på kring tre millionar samanlikna med året 2020.
Brødr. Øyehaug har lite gjeld og stor eigenkapital, og er såleis svært solid.

Frank Inge Grønnevik i full konsentrasjon, hamrar på krakk
Frank Inge Grønnevik i full konsentrasjon.

Treprodukt

For Øyehaug handlar produksjonen framleis om ulike treprodukt.
Fram til 1997 var all produksjon dreiing. I dag vert hovudtyngda av produksjonen utført av datastyrte fresemaskiner.
Øyehaug har fleire hundre kundar, og mange er innan møbelbransjen.
8 – 10 av kundane står for halve omsetninga. Kundane får levert ulike heiltre- komponentar: m.a. stolbein, armenar og bordbein.
– Mykje er tredelar til stolar, men vi leverer også delar til trapperekkverk, fortel Standal.
Møbelfabrikkar på Sunnmøre som m.a. Fora Form, Slettvoll og Ekornes er mellom dei viktige kundane for Øyehaug.
Dei lokale fabrikkane er medvitne på å bruke lokale leverandørar i størst mogleg grad. Dette er til gode for begge partar.

Utfordring

Ei av Brødrene Øyehaug sine større utfordringar for tida er å få tak i folk med spisskompetanse innan datastyrte fresemaskiner.
– Vi konkurrerer med mekanisk industri om folk med denne spisskompetansen som handlar om å kunne drive omstilling av maskiner og programmering.
Vi har folk som kan dette, men skulle hatt på plass fleire, seier Standal som har atten personar på lønningslista.

** Det gjekk berre ein månad før det begynte å livne til att
Knut Olav Standal

Dagleg leiar Knut Olav Standal har jobba hos Brødrene Øyehaug i snart ein mannsalder.
Dagleg leiar Knut Olav Standal har jobba hos Brødrene Øyehaug i snart ein mannsalder. Standal er nøgd med dagens situasjon for den tradisjonsrike Ørsta-bedrifta.
Er spent

No når det er varsla renteauke, i tillegg til at prisen på straum mange stader er høg og drivstoffprisane er rekordhøge, er Standal spent på konsekvensane.
– Då tenkjer eg på om folk prioriterer vekk kjøp av møblar fordi mange har auka kostnader i privatøkonomien. Difor vert resten av dette året ekstra spennande for oss, seier Standal.
Uansett vert det i løpet av året ei eller anna feiring av 80-årsjubileet for bedrifta som vart etablert i 1942 av Anders, Olai og Olav Øyehaug. I dag er det ei rekkje etterkomarar av desse som eig trevarebedrifta på Ripateigane, rett ved sidan av Ørsta ungdomsskule.

Ronny Busch er produksjonsleiar hos Brødrene Øyehaug.
Ronny Busch er produksjonsleiar hos Brødrene Øyehaug.
Brødr. Øyehaug held til på Ripateigane ved Ørsta ungdomsskule.

 

ROY-ARNE FOLKESTAD
roy-arne@morenytt.no

Publisert: 13 september 2022 0:00 i Instagram