Sals og leveringsvilkår
- Om avtalen
- Desse vilkåra gjeld for alt sal og levering av varer frå Brødr.Øyehaug AS.
- Avvik frå desse må vere skriftleg avtalt for å vere gyldige.
- Ordre og ordrebekreftelse
- Alle bestillingar skal stadfestast skriftleg.
- Ordrebekreftelsen frå seljar er bindande og viser kva som er avtalt om varetype, mengde, pris og levering.
- Pris og betaling
- Prisane er oppgitt eksklusive MVA og lev. Vilkår er EX Works, om ikkje anna er avtalt.
- Betalingsvilkår kan variere mellom kundar og vart avtalt individuelt.
- Faktura skal betalast innan den fristen som er avtalt i ordrebekreftelsen eller kontrakten.
- Ved forseinka betaling kan renter og gebyr bli lagt til i samsvar med lov om renter ved forsinka betaling.
- Levering og risiko
- Levering skjer til avtalt stad og tidspunkt i følgje ordrebekreftelsen.
- Risikoen går over på kjøpar når varene er levert til avtalt stad.
- Seljar er ikkje ansvarleg for forsinka levering som skuldast forhold utanfor vår kontroll (t.d. transportproblem, force majeure).
- Transport og mottak
>> Kontroller emballasje for skadar
- Er vara skada, skal skadeomfanget beskrivast og førast i kvitteringslista til sjåføren.
- Sjåføren skal kvittere for skaden.
- Dersom skade ikkje blir merka i kvitteringslista, fell retten til erstatning bort!
>> Kontroller at rett antal og vare er levert
- Eventuelle manglar eller feil i leveransen skal meldast til avsendar innan 3 arbeidsdagar.
- Meld avvik skriftleg (post@oyehaug.no), med referanse til følgeseddel og leveringsdato.
>> Ansvar etter levering
- Frå tidspunktet for mottak er varemottakar ansvarleg for vidare transport, lagring og handtering av varene.
- Retur av varer må avtalast på førehand med avsendar, og returnerte varer skal vere i original emballasje.
- Reklamasjon
- Reklamasjon må meldast så fort feil vert oppdaga.
- Selgar kan velge å reparere, erstatte eller kreditere feilleverte varer.
- Leverandør dekkjer ikkje skadar som skuldast feil handtering eller lagring hos kjøpar.
- Retur av varer
- Retur må avtalast på førehand.
- Varene skal returnerast i original emballasje og i same stand som ved levering.
- Eigedomsrett
- Varene er Brødr. Øyehaug AS sin eiendom inntil dei er fullt betalt.
- Force majeure
- Seljar er ikkje ansvarleg for forseinka levering eller manglande oppfylling som skuldast hendingar utanfor vår kontroll, t.d. naturkatastrofar, brann, streik, pandemi eller transportproblem.
- Lov og tvistar
- Avtalen er underlagt norsk lov.