Brødr. Øyehaug i dag

Brødr. Øyehaug er ei industribedrift i Ørsta på Sunnmøre, som skaper flotte produkt av heiltre. Andre materialer kan vi også forme. Våre kundar er, mellom andre, norske møbelfabrikkar, norske trappefabrikkar og andre typer industribedrifter.

Brødr. Øyehaug feirer i 2022 80-års jubileum og vi har høg kompetanse på både folk og maskiner. Med 18 tilsette kan vi ta på oss små og store oppdrag for bedriftsmarknaden. Vi har avdeling for overflatebehandling og lakkerer, beiser og maler produkt til industrikundar.

Teknisk avansert maskinpark.

Brødr. Øyehaug fekk sin første 5-akse cnc-fres midt på 1990-talet og har sidan då utvikla seg til å bli ei bedrift som har mykje kompetanse rundt cnc-bearbeiding og har i dag ein stor cnc-maskinpark for ulike oppgåver.

Produksjonsapparatet vårt gjer oss i stand til å kunne produsere komplekse komponentar.
I tillegg til cnc-parken, har Øyehaug ei rekke dreiebenkar og andre maskiner, som saman med godt tradisjonelt handverk, gjer at vi kan levere det meste av det du måtte ønske.

Heile tida i omstilling

Det som kjenneteiknar Brødr. Øyehaug er, at vi har endra oss i takt med tida:

  • Vi har avansert og fleksibel maskinpark og arbeidsstokk
  • Vi tek på oss store og små oppdrag i B2B marknaden
  • Vi leverer: rett kvalitet, til rett tid og rett pris!