Vi ser etter ein engasjert og sjølvstendig person, som evnar å jobbe systematisk og målretta i ein hektisk kvardag. Arbeidsoppgåvene vil primært vere innanfor lakkering/overflatebehandling, men vil også kunne vere arbeid ved CNC-maskiner, og montering og pussing.
Vi søkjer person som er/har:
• gode på kommunikasjon (må beherske norsk flytande, skrifteleg og munnleg).
• nøyaktig og påliteleg.
• fleksibel og lærevillig.
• positiv og lett å samarbeide med.
• bransje-erfaring, men dette er ikkje eit krav.
Kva kan Øyehaug tilby deg?
• Stabil og trygg arbeidsplass
• Varierte arbeidsoppgåver
• Kunnskap om trevarer og det å lage spennande produkt
• Eit godt arbeidsmiljø
• Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Relevant opplæring vil bli gitt.
Fleire opplysningar om stilling får du ved å kontakte
dagleg leiar Vebjørn Øyehaug på telefon 911 22 793
Skrifteleg søknad med CV, kan sendast til: soknad@oyehaug.no
Søknadsfrist er 15. August 2025.