Salgs og leveringsvilkår

Sals og leveringsvilkår

 

  1. Om avtalen
  • Desse vilkåra gjeld for alt sal og levering av varer frå Brødr.Øyehaug AS.
  • Avvik frå desse må vere skriftleg avtalt for å vere gyldige.
  1. Ordre og ordrebekreftelse
  • Alle bestillingar skal stadfestast skriftleg.
  • Ordrebekreftelsen frå seljar er bindande og viser kva som er avtalt om varetype, mengde, pris og levering.
  1. Pris og betaling
  • Prisane er oppgitt eksklusive MVA og lev. Vilkår er EX Works, om ikkje anna er avtalt.
  • Betalingsvilkår kan variere mellom kundar og vart avtalt individuelt.
  • Faktura skal betalast innan den fristen som er avtalt i ordrebekreftelsen eller kontrakten.
  • Ved forseinka betaling kan renter og gebyr bli lagt til i samsvar med lov om renter ved forsinka betaling.
  1. Levering og risiko
  • Levering skjer til avtalt stad og tidspunkt i følgje ordrebekreftelsen.
  • Risikoen går over på kjøpar når varene er levert til avtalt stad.
  • Seljar er ikkje ansvarleg for forsinka levering som skuldast forhold utanfor vår kontroll (t.d. transportproblem, force majeure).
  1. Transport og mottak

     >> Kontroller emballasje for skadar

  • Er vara skada, skal skadeomfanget beskrivast og førast i kvitteringslista til sjåføren.
  • Sjåføren skal kvittere for skaden.
  • Dersom skade ikkje blir merka i kvitteringslista, fell retten til erstatning bort!

    >> Kontroller at rett antal og vare er levert

  • Eventuelle manglar eller feil i leveransen skal meldast til avsendar innan 3 arbeidsdagar.
  • Meld avvik skriftleg (post@oyehaug.no), med referanse til følgeseddel og leveringsdato.

    >> Ansvar etter levering

  • Frå tidspunktet for mottak er varemottakar ansvarleg for vidare transport, lagring og handtering av varene.
  • Retur av varer må avtalast på førehand med avsendar, og returnerte varer skal vere i original emballasje.
  1. Reklamasjon
  • Reklamasjon må meldast så fort feil vert oppdaga.
  • Selgar kan velge å reparere, erstatte eller kreditere feilleverte varer.
  • Leverandør dekkjer ikkje skadar som skuldast feil handtering eller lagring hos kjøpar.
  1. Retur av varer
  • Retur må avtalast på førehand.
  • Varene skal returnerast i original emballasje og i same stand som ved levering.
  1. Eigedomsrett
  • Varene er Brødr. Øyehaug AS sin eiendom inntil dei er fullt betalt.
  1. Force majeure
  • Seljar er ikkje ansvarleg for forseinka levering eller manglande oppfylling som skuldast hendingar utanfor vår kontroll, t.d. naturkatastrofar, brann, streik, pandemi eller transportproblem.
  1. Lov og tvistar
  • Avtalen er underlagt norsk lov.