Tenester

Møbel

Hovudsakleg produserer vi komponentar til møbel, men vi lagar også komplette produkt som t.d. stolar. Brødr. Øyehaug vil gjerne vere ein samarbeidspartner ved utvikling av nye og spennande modellar.

Montering av møblar i lyst tre
Ekspert på tre

Vi kan levere alt frå små propper, og enkle sofabein, til avanserte samansette produkt i heiltre og kompositt.

Får vi ein original, eller ei 3D-teikning, så kan vi vere med på utviklinga av nye spennande produkt i tre.
Vi har teiknekompetanse, men ikkje minst kan vi treverk, og kjenner eigenskapane til dette fantastiske råstoffet. Vi kan vere med å gjere din idé verkeleg. I utviklinga av nye møblar kan vi vere ein sparringspartnar for det med råstoff, dimensjonering, konstruksjon og tilpassing til rasjonell produksjon. Mange omsyn må takast for å sy saman eit godt sluttprodukt.