Logg inn eller registrer deg for å bestille produkt.

Ledige stillingar

Produksjonsmedarbeidarar 1

Vi ser etter engasjerte og sjølvstendige personar, som evnar å jobbe systematisk og målretta i ein hektisk kvardag.


Vi søkjer personar som er/har:

  • gode på kommunikasjon (må beherske norsk flytande, skrifteleg og munnleg).
  • nøyaktig og påliteleg.
  • fleksible og lærevillige.
  • positive og lette å samarbeide med.
  • bransje-erfaring, men dette er ikkje eit krav.

Kva kan Øyehaug tilby deg?

  • Lærande og utviklande arbeidsoppgåver
  • Kunnskap om trevarer og det å lage spennande produkt
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.


Relevant opplæring vil bli gitt.

Fleire opplysningar om stilling får du ved å kontakte dagleg leiar Knut Olav Standal på telefon 70 04 99 01.
Skrifteleg søknad med CV, kan sendast til : soknad@oyehaug.no

Søknadsfrist er 1.September 2021

02c65b1d4acbc1291dfd3dbb15805030.jpg#asset:18525

Brødr. Øyehaug er ei moderne industribedrift i Ørsta, som primært skapar flotte produkt av heiltre. Vi kunne i 2017 feire 75 års jubileum. Øyehaug fekk sin første 5-akse cnc-fres midt på 1990'talet og har sidan då utvikla seg til å bli ei bedrift som har mykje kompetanse rundt cnc-produksjon og har i dag ein stor cnc-maskinpark.