Produkt

Spesialprodukt

Mesteparten av vår produksjon er kundetilpassa. Vi produserer  etter teikningar eller modellar som kunden har, eller vi samarbeider med kunden om utviklinga frå idé til ferdig produkt.

Vår maskinpark er allsidig og fleksibel for å kunne tilby produksjon til dei fleste bransjer. Vi jobbar hovudsakleg i heiltre, men også andre trebaserte materialar, som X-finér og MDF går gjennom vårt produksjonsapparat.

Spekteret i vår maskinpark gjer at vi ikkje berre kan lage komponentar, men også meir komplekse ferdige produkt i tre. Vi monterer og overflatebehandlar komplette stolar, og andre småmøbler.

Vår styrke, i tillegg til dei avansert maskinene, er lang erfaring og kunnskap om tre og avansert bearbeiding av tre.