Logg inn eller registrer deg for å bestille produkt.
Brødr. Øyehaug er ei moderne industribedrift i Ørsta på Sunnmøre, som primært skapar flotte produkt av heiltre. Andre materialer kan vi også bearbeide. Våre kundar er m.a. norske møbelfabrikkar, norske trappefabrikkar og andre typer industribedrifter. Brødr. Øyehaug kunne i 2017 feire 75 års jubileum og vi har høg kompetanse på både folk og maskiner. Med 17 tilsette kan vi ta på oss små og store oppdrag for bedriftsmarknaden. Vi har avdeling for overflatebehandling og lakkerar, beisar og målar produkt til industrikundar.
Brødr. Øyehaug fekk sin første 5-akse cnc-fres midt på 1990'talet og har sidan då utvikla seg til å bli ei bedrift som har mykje kompetanse rundt cnc-bearbeiding og har i dag ein relativt stor cnc-maskinpark.
Dei tekniske løysingane gjer oss i stand til å kunne produsere komplekse komponentar i tre og kompositt.
I tillegg til cnc-parken, har Øyehaug ei rekke dreiebenkar og andre maskiner, som saman med godt tradisjonelt handverk, gjer at vi kan levere det meste av det kunden måtte ønske.
Det som kjenneteiknar Brødr. Øyehaug er, at vi har endra oss i takt med tida og:
Brødr. Øyehaug as vart etablert under krigen i 1942 av de tre brørne Olai, Anders og Olav Øyehaug. I dag er det andre og tredje generasjon som eig selskapet.