Logg inn eller registrer deg for å bestille produkt.

Knagg frå Ørsta på messe i Paris

Når designmessa Maison&Objet opnar i Paris fredag, så er Norge representert ved ei knaggrekke produsert hos Brødrene Øyehaug i Ørsta.

NYHETER
PUBLISERT:
05 SEPTEMBER 2019 11:20

SIST OPPDATERT:
05 SEPTEMBER 2019 12:41

Terje Engås


kbegg

Design: Knaggrekka Haldar frå Brødrene Øyehaug i Ørsta skal på messe i Paris. FOTO: PRESSEFOTO

– Norsk design er på frammarsj i Frankrike. Aldri før har så mange norske designbedrifter stilt ut saman i Paris. Når fleire av dei også skal lansere nye produkt på Maison & Objet, blir dette ein norsk designstand utanom det vanlege, seier Egil Sundet i ei pressemelding.

Han er bransjesjef i Designindustrien, ei foreining i Norsk Industri.

Norsk stand

Fredag denne veka opnar altså Maison & Objet. Ragnhild Grytten, som er prosjektleiar for Inside Norway, fortel i pressemeldinga at den norske standen byr på noko av de aller fremste designaktørane i Norge akkurat no.

– Dette er kompromisslause, designdrivne bedrifter som held eit svært høgt nivå på det dei gjer. Norsk design har ei stigande stjerne i Europa, og vi har ein særdeles god stand som eg gler meg til å vise fram for eit internasjonalt publikum, legg ho til.

Totalt seks bedrifter stiller ut på Inside Norway-standen i Paris frå 6. til 10. september: Vestre, Northern, Heymat, Fram Oslo, Magnor Glassverk og Lundhs Real Stone.

Knaggrekka Haldar

Blant produkta som skal visast fram finn vi knaggrekka Haldar. Den er produsert ved Brødrene Øyehaug i Ørsta, med møbel- og interiørselskapet Fram Oslo som oppdragsgjevar.

– Vi satsar på norsk design som har ei historie å fortelje. Vi jobbar tett med fleire norske designarar for å utvikle spanande og nyskapande produkt, og alt blir laga i Norge. På den måten sit vi tett på heile produktutviklinga, sparer tid og miljø – og sikrar at dei ferdige produkta held høg kvalitet, seier Annette Hoff, dagleg leiar i Fram Oslo.

Eksportvekst

Ifølge Designindustrien auka eksporten av møbel- og interiørprodukt med 5,3 prosent i løpet av årets første halvår.

– Faktisk er design- og ferdigvareindustrien den eine av berre to sektorar i Norge som kan vise til eksportvekst dei siste 10 åra. Ambisjonen no er å doble eksporten fram mot 2030, noko som kan gje 40 milliardar kroner i auka verdiskaping og kanskje 30.000 nye arbeidsplassar. Skal vi få det til, treng vi politisk støtte, seier Egil Sundet.

Han legg til at reint konkret ønsker han seg ei eiga eksportutviklingsordning for design og ferdigvare. Dette har eksistert i Danmark i ei årrekke og nokså nyleg kome på plass i Sverige.


PUBLISERT: 05 SEPTEMBER 2019 11:20 i smp.no.
Lenkje til PDF-versjon av artikkelen: Knaggrekke til designmesse i Paris.