Logg inn eller registrer deg for å bestille produkt.

Brødrene Øyehaug - ved to av dei

For brørne Einar og Per Øyehaug er nøysemd, gründerånd og skepsis til banklån noko dei har i blodet.

c49c22a990bd3e8ca8add22ba331d3fe.png#asset:18434

Per og Einar Øyehaug studerer kjevler

Gamle tomter: Brørne Einar (f.1934) og Per (f.1932) Øyehaug i lokala til Brødr. Øyehaug. Til saman har dei jobba nesten 100 år ved bedrifta, og dei er framleis på eigarsida. I handa har Per Øyehaug ei kjevle.

Einar Øyehaug (fødd 1934) var så vidt konfirmert då han tok til på fabrikken som den førre generasjon Øyehaug-brør skipa i 1942. Dei produserte eit mangfald av dreia treprodukt, og heldt til på Gamlemeieriet i Kyrkjegata.

–Korleis hugsar du den første tida?

–Ho, ho! Dersom det hadde vore noko som heite mijløtilsyn den gongen så hadde det vore låste dører, ja. For eksempel vatn. Eg forstår ikkje korleis vi vaska oss. Det var berre ei kran som så vidt draup, og det var utedo, ti meter bortom. Eg stod ofte inne på eit lite lakkrom, som berre var eit par meter i kvadrat. Vi lakka med pensel, og sette tinga på hyller, der dei stod og dunsta. Og på golvet stod ein omn med glødetrådar og varma, fortel Einar Øyehaug.

Hånddreiing i gamledager

Første tida: Peder, Daniel og Arne Brekke dreier askebeger i dei tronge lokala på Gamlemeieriet. ca. 1950. Foto frå Jubileumsboka

Tvilsomt arbeidsmiljø

Det spesielle arbeidsmiljøet, med diverse skumle gassar i lufta, kunne gje seg underlege utslag.

– Eg og Kåre Øyehaug stod der og prata tull, og når eg kom ut i friskluft så dansa eg og alt mogleg, fortel Einar Øyehaug, og ler godt.

Det byrja med produksjon av suvenirar, skaft og andre dreia treprodukt.

–Kosteskafta var laga av ei kopidreiemaskin som dei fekk under krigen. Det vare i svensk maskin. Dette var den første maskina som arbeidde sjølv, fortel Per Øyehaug.

Seinare skulle det bli fleire maskinar som «arbeidde sjølv». Dei var det Per som hadde ansvaret for, medan Einar etter kvart tok over den daglege leiinga.

Møbel og tekstilar. Dette skapte industribygdebyen Ørsta. For Per Øyehaug byrja det med tekstil, på Ørsta Trikotasjefabrikk, eller «Trikko» som den store fabrikken i Strandgata vart kalla.

–På Trikko jobba vi på skift, og eg fekk fri til å gå fire timar på teknisk kveldsskule kvar kveld. Eg jobba med maskinar, det var mi interesse. Då nyefabrikken vår kom gjekk eg over der, for vi byrja å kjøpe inn maskinar.


Nytt bygg, nye maskinar

«Nyefabrikken» til Brødr. Øyehaug låg i Holmegata og kom i 1955. Den første store investeringa var ei «Geiger» kopimaskin frå Tyskland, altså ei maskin som «arbeidde sjølv». I Geigeren kunne dei setje inn ein modell, som vart kopiert, tre kopiar i slengen. Denne typen maskinproduksjon har vore viktig for utviklinga av Brødrene Øyehaug AS.

Einar Øyehaug fortel: «I og med desse maskinane så fekk vi ein masse delproduksjon til møbelfabrikkane. Armlener til Møre lenestolfabrikk for eksempel, det dreia vi ei masse av. Og Sandvik leverte vi mykje til. Ned gjennom heile Vestlandet var det møbelfabrikkar over alt, og eg for rundt og besøkte dei. Dette greip om seg, og vi måtte begynne å tenkje på å få meir plass.»

Arbeidsstokken tidleg på 60-talet

60-talet: Arbeidsstokken tidleg på 60-talet,. f.v: Oddbjørn Engeset,Henry Solheim, Torstein Hjertvik, Einar Øyehaug, Asbjørn Brekke, Anny Steinnes, Anders Øyehaug,Olai Øyehaug, Agnar Oksavik, Per Øyehaug, Olav Øyehaug, Gunnar Oksavik og Knut Rishaug.

Fekk ikkje lån

Prisen på den første «Geigeren» var om lag 100.000 kroner. Banken sa nei til å yte lån. Då kom det godt med å ha eigarar som jobba etter prinsippet om å først tene pengar, så bruke dei.

– Banken sa at vi kunne greie oss sjølve. Men det var tre eigarar så dei klarte å sprøyte inn det som trengdest, fortel Einar Øyehaug.

– Første tene pengar. Så bruke dei. Dette er vel klassisk sunnmørsk innstilling?

– Ja, dette ligg i oss, dette har vi blitt opplærte til.

– Før eller seinare måtte de vel låne?

– Det har ikkje vore så mykje lån, men vi måtte låne når vi starta bygginga der inne. Men det vart veldig gode tider så vi tente gode pengar.


Brødrene Øyehaug sine lokaler i Holmegata

Holmegata: Fabrikkbygninga i Holmegata vart tatt i bruk i 1955. Foto frå Jubileumsboka

Gode tider

«Der inne» er Ripateigane, området der fabrikken ligg i dag, langs Rossåa, ved sidan av Ungdomsskulen. Dit flytta Brødrene Øyehaug i 1964.

På 60- og 70-talet var det sunnmørske møbeleventyret eit kjent omgrep. Gode tider for møbel betydde gode tider for Brødr. Øyehaug. På det meste var det 48 tilsette. Ein av dei andre store kundane var Brødrene Øyo på Geilo, produsent av økser, hakker og diverse verktøy som alle hadde det til felles at dei trengde skikkelege skaft. Og det kunne Brødr. Øyehaug tilby. Samstundes heldt dei fast ved produksjonen av suvenir.

Per Øyehaug fortel: «Souvenirar var opphavet, og så sneik dette med møbeldelar seg inn og tok overhand. Suvenir var ganske fantastisk. Det var han Olai som styrte mest med dette. Vi hadde ein heil del eksport til USA. Vi hadde 2–3 avtakarar der borte. Likevel var det ikkje noko du tente særleg med pengar på, så du måtte vere sparsommeleg.»

Tidleg krøkast

På det meste var det 6–7 dekoratørar i sving, på loftet i dei gamle lokala i Holmegata. Også brørne Per og Einar hadde ein kort karriere som dekoratørar.

Einar Øyehaug fortel: «I byrjinga var det ikkje rosemåling. Det starta opp med at vi brukte sviapparat og svei inn roser og slikt. Eg hugsar vi sat heime. Far min (Olav) sat og svei saman med han Olai, og vi ungane sat og mala, til dømes vikingsegl og norske flagg på båtane. Så vi vart litt småkunstarar. Så vart det tusj, og vi fekk desse flinke og proffe dekoratørane, som han Dalhus, og Eikrem. Dei byrja med desse seriane med eit stort fat og seks asjettar med ulike tema, som Per Spelmann, Kjerringa med staven og Pål sine høner. Det vart sakte men sikkert slutt på og vi gjekk over til rosemåla souveninar og bruksgjenstandar, som skohorn, kleshengarar og kattar med krokar på»

Rosemåling av fat

Rosemåling: Knut Rishaug var ein av dei som dekorerte souvenirane og pyntetinga frå Brødr. Øyehaug. Foto frå Jubileumsboka

Motgang

På 80- talet byrja det sunnmørske møbeleventyret å slå sprekkar. I Ørsta forsvann møbelfabrikkane ein etter ein. Og dei som vart att endra produksjonen.

Einar Øyehaug: «Det vart mindre og mindre dreiing. Armlener, til dømes vart det slutt på for oss. Møbelfabrikkane gjekk over til laminering, og andre material. Og møblane vart overstoppa, det er berre litt tre igjen. I og med at trendane vart endra så gjekk arbeidsstokken ned.»

Sunnmørske verdiar

Per slutta i 1999. Einar gav seg i 2001. Då hadde han arbeidd i godt over 50 år i familiebedrifta. Dette er karar som er laga av det stoffet som har skapt myten om sunnmøringen.

– Kva er gode sunnmørske verdiar?

– At du er nøktern, at du er gründer og litt oppfinnar. Og så ligg det bak i oss, dette med at du skal vere redd for å låne, du skal ha tent pengane først, svarer Einar

– Og så må du tru på at «dette skal du greie», og ikkje gi seg. Og du må ha innsikt, svarer Per.

Her skyt Einar inn at Per var veldig flink med å reparere maskinar, i staden for å leige inn folk når noko måtte reparerast, eller ordnast på.

– Du måtte finne gode løysingar. Og legge til rette så det gjekk radigt, seier Per.

Omstilling av høvel - molding

VETERAN: Ole Roger Sætre er ein av dei mange røynde arbeidarane ved Brødrene Øyehaug. FOTO FRÅ JUBELEUMSBOKA

Oppfinnar-ånd

Einar Øyehaug var oppfinnsam på ein annan måte. For også administrasjon kan rasjonaliserast, noko som var naudsynt så lenge den daglege leiaren var meir i fabrikkhallen enn på kontoret.

–Eg hugsar den første tida eg var pott og panne. Eg stod der inne i hallen og så ringde telefonen og eg måtte springe 80 meter for å ta telefonen. Seinare fekk eg meg sparkesykkel og det gjekk radigt.

SVEIN AAM
svein@morenytt.no

Lenkje til PDF-versjonen av artikkelen: Brødrene Øyehaug - ved to av dei